Tiril

Foto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes

Madam Jam med nye låtar og ny plate våren 2025

Med banebrytande runddansmusikk har Madam Jam på svært kort tid engasjert eit heilt folkemusikkmiljø. Er vi vitne til ei ny gammaldansbølge?

Dei sju Innlands-musikarane i Madam Jam har vekt mykje åtgaum etter at dei lanserte debutalbumet «van danse» sommaren 2023. Fengjande melodiar, frekke rytmar i gitar og banjo og krutsterk danseappell er nokon av grunnane til det. Sjølv om hjarta ligg den tradisjonelle runddansmusikken nær, er ikkje Madam Jam redde for å leggje til nye musikalske element i sjangeren. Og målet for gruppa er alltid å skape god stemning og danseglede!

Debutalbumet til Madam Jam vart heidra med Folkelarmprisen i kategorien Dansespel i 2023.

No to år etter er dei klare med ny plate! Albumet har fått tittelen “Partykongen”. Madam Jam lanserer tre singlar før albumet kjem heilt sist i mai 2025.


Metadata

Artist: Madam Jam
Albumtittel: Partykongen
Label
: Melovitten
Type:
Album, CD
Katalognr.:
MV631
​Produsent:
Melovitten/Madam Jam
​Innspeling:
Vegard Moshagen
Miksing og mastering:
Tor Magne Hallibakken
Innspelt: Vinstra, september 2024
​Grafisk formgjeving
: Mari Høgberget Veggum 
Lansering album
: 30. mai 2025
Medverkande
: Steinar Odde (banjo, dobro), Pål Bratås (torader, trekkspel), Øyvind Sandum (torader, trekkspel), Bjørn Kåre Odde (fele, bratsj, hardingfele), Kristen Bratås (piano),  Geir Byre (akustisk gitar), Gro Visdal (kontrabass)

Lansering singel “Bipolka”: 31. januar 2025

Lansering singel “Tiril”: 21. mars 2025

Lansering singel “Lurifox”: 14. mai 2025



Relaterte produkt frå nettbutikken

Forrige
Forrige

Kari Selland

Neste
Neste

Sven Svane