Kari Selland
Foto: Henrik Johansson Kull.
Grafisk: Nortopia.
Nortopia - ei ny perle i folkemusikkverda!
Nortopia er ein ny og spennande folkemusikktrio som våren 2025 er aktuelle med to nye singlar. Dei er godt i gang med produksjon av si debutplate som vil bli lansert på plateselskapet Melovitten til hausten. 28. mars lanserast singelen “Kari Selland, springar av Halvor Sørsdal. Ein månad seinare, 25. april, kjem slåtten “Fjellmannjenta, rull etter Anders Kjerland”.
Med Ingrid Sørheim på durspel, Johanne Mjøs på fele/hardingfele, og Kristian Wolski på cittern, inviterer Nortopia publikum inn i ei verd der vakre og fengande melodiar møtest i delikat samspel. Trioen har utvikla ein særeigen musikalsk stil som både gir påfyll og senkar skuldrene til lyttaren.
Vi har teke i bruk tradisjonsmateriale frå Vestlandet, fordi det ligg Nortopia sitt hjarte nær, kan Ingrid Sørheim fortelje. Det er dette som utgjer utspringet for deira musikalske uttrykk.
For et utrolig samspill! Trioen er en ny perle i folkemusikkverdenen. De balanserer presist mellom det delikate og det kraftfulle, lytter til hverandre og lar solisten i hver komme fram. Med sine friske melodier og musikalske humor får de dansefoten til å våkne!, seier folkemusikar og heidersmedlem i FolkOrg, Eli Storbekken, om gruppa.
Artist: Nortopia
Johanne Løkensgard Mjøs (f. 1990) Åsane - hardingfele/fele
Ingrid Standal Sørheim (f. 1996) Norheimsund/Voss - durspel
Kristian Wolski (f. 1987) Danmark/Arvika, Sverige - cittern
Singel 1: Kari Selland, springar av Halvor Sørsdal.
Singel 2: Fjellmannjenta, rull etter Anders Kjerland.
Produsent: Nortopia.
Innspeling, miks, mastering: Kristian Wolski.
Innspelt: Arvika, oktober 2024.
Foto: Henrik Johansson Kull.
Grafisk formgiving: Ingrid Sørheim.
Plateselskap: Melovitten.
Katalognummer: MV632SL1 og MV623SL2.
Lansering singler: 28. mars og 25. april 2025
Lansering album: Hausten 2025
Nortopia i sosiale medier:
www.nortopia.no
Facebook
Instagram