Sven Svane

Ny musikk frå Qvam/Plassen.

Fredag 14. mars kjem fyrste smakebit frå det nye albumet til folkemusikkduoen Qvam/Plassen. Folkemusikkduoen frå Fåset og Folldal gir ut sitt debutalbum våren 2025 og varmar opp med to singlar i mars og april.

Med djupe røter i tradisjonsmusikken frå Nord-Østerdalen og Trøndelag byr Qvam/Plassen inn til si debutplate som duo, ei folkemusikkplate i ny drakt, blanda av fengende riff, bukkehorn og folkesong. Duoen består av Bendik Smedåsgjelten Qvam og Synnøve Brøndbo Plassen, to unge og ettertrakta folkemusikarar med bakgrunn frå både tradisjonsmusikk og andre sjangrar. Gjennom meir enn 10 år med samspel har dei utvikla ein unik spelestil med bukkehorn, lyre, gitar, seljefløyte og nyanserik vokal, og saman skapar dei eit lydbilde som er både nært og kraftfullt.

I vår slepp dei to singlar som gir ein smakebit på det komande albumet som har fått namnet Stråk. Først ut er singelen Sven Svane den 14. mars, ei ballade etter Dortinus Oleson Moen som busette seg i Folldal. Folkemusikkgranskaren Ole Mørk Sandvik samla inn denne ballada tidleg på 1900-talet.

- Sven Svane fortel ei dramatisk historie, kan Synnøve fortelje. Ho har fordjupa seg i tradisjonsmusikk frå mellom anna Folldal, Østerdalen og Trøndelag.

Qvam/Plassen si tolking av ballada tilfører både nerve og nærleik med sitt særeigne arrangement og lydbilde.

Den 18. april, på sjølvaste langfredag, lanserast singelen Springar, ein kjend slått etter spelemannen Melvin Trondsgård frå Folldal. Bendik fortel at denne melodien vart mykje brukt til dans på 1920-talet. - Melvin Trondsgård flytta etter kvart til Oppdal og var faktisk med på å starte Oppdal spellemannslag i si tid, legg Bendik til.

Singlane leier opp til lansering av albumet Stråk, som blir tilgjengeleg fysisk på CD under ein eksklusiv lanseringskonsert på Riksscenen i Oslo torsdag 24. april. Den digitale utgjevinga vert deretter lansert 9. mai. Det er plateselskapet Melovitten som gir ut album og singlar.

Musikken på plata består av slåtter, viser og ballader, arrangert i Qvam/Plassens særeigne uttrykk. Mykje av musikken går i moll, og har eit preg av både melankoli, håp og mørke. Livet i Nord-Østerdalen har historisk vore prega av mykje hardt arbeid og lange, kalde vintre. Kanskje gjenspeglast dette også i musikken?


Metadata

Artist: Qvam/Plassen
Bendik Smedåsgjelten Qvam (f. 1996 frå Fåset i Tynset), sang, gitar, bukkehorn og seljefløyte.
Synnøve Brøndbo Plassen (f. 1996 frå Folldal), sang, gitar og lyre.
Albumtittel: Stråk.
Produsent: Qvam/Plassen.
Innspilling og miksing: Jo Ranheim, Øra studio.
Mastering: Karl Klaseie, Øra Mastering.
Innspilt: Øra Studio, oktober 2024.
Foto: Maja Skarpsno/Gullfaxi.
Grafisk formgiving: Espen Liland.
Plateselskap: Melovitten.
Katalognummer: MV628.
Lansering singler: Sven Svane 14. mars & Springar 18. april.
Lansering album: Fysisk CD-slepp på Riksscenen i Oslo 24. april + digital lansering 9. mai.

Turnéplan Qvam/Plassen

  • 23. april - Hemom, Engerdal

  • 24. april - Riksscenen, Oslo

  • 6. mai - Rørosmuseet

  • 7. mai - Antikvariatet, Trondheim

  • 9. mai - Kulturuthuset, Lillehammer

  • 10. mai - Agatunet, Ullensvang

  • 11. mai - Jensbua, Dale/Flekke

  • 12. mai - Columbi Egg, Bergen

  • 15. mai - Tante Gerdas scene, Hamar

  • 16. mai - Vingelen kirke- og skolemuseum

  • 19. mai - Tynset Bygdemuseum

  • 23. juli - Solliaysteriet, Sollia

Forrige
Forrige

Tiril

Neste
Neste

Uventa