van danse
Gruppa Madam Jam er eit møte mellom sju folkemusikarar frå Innlandet som utforskar nye og spennande instrumenteringar i den norske tradisjonsmusikken. Debutalbumet «van danse» blir lansert den 28. juli 2023.
Kombinasjonen av banjo, gitarar, el-gitar, bratsj, torader, trekkspel og kontrabass er uvanleg i norsk samanheng. Kanskje må du heilt til Irland eller USA for å finne noko som liknar. På eitt av spora har dei til og med fått med seg ei blåserekke.
Komposisjonane til Steinar Odde, Pål Bratås og Øyvind Sandum har klare referansar til norsk runddansmusikk, men utfordrar samtidig tradisjonelle element som rytmikk og harmonikk. Saman med dei andre utøvarane – Bjørn Kåre Odde, Gro Visdal, Kjartan Haugen Foss og Geir Byre – utgjer dei ei instrumentering som gammaldansen kanskje ikkje har sett eller høyrt før i norsk samanheng.
Målet for gruppa er å skape musikk og stemning som kanskje kan lokke enda fleire til å lytte på og danse til folkemusikk!
Madam Jam har lansert ein singel kvar fredag i juli før albumet kjem den siste fredagen.
“van danse” mottok Folkelarm-pris i kategorien “Dansespel” 2023.
Metadata
Artist: Madam Jam
Albumtittel: van danse
Label: Melovitten
Type: Album, CD
Katalognr.: MV610
Produsent: Melovitten
Innspeling: Vegard Moshagen
Miksing og mastering: Tor Magne Hallibakken
Innspelt: Vinstra, mars 2023
Grafisk formgjeving: Mari Høgberget Veggum
Lansering: 28. juli 2023
Medverkande: Steinar Odde (banjo, dobro, hardingfele), Pål Bratås (torader, trekkspel), Øyvind Sandum (torader, trekkspel), Bjørn Kåre Odde (fele, bratsj, hardingfele), Kjartan Haugen Foss (akustisk og elektrisk gitar), Geir Byre (akustisk gitar), Gro Visdal (kontrabass)
Singlar: Flamingoflåta (7. juli), Monica (14. juli), Spøkelset i kjøkkenet (21. juli)