Melovitten

View Original

Stillheitas diskotek

Last ned digital booklet med utfyllande info om plateprosjektet her:

Sjå film frå Stillheitas diskotek her


Ei lytteverd for solo hardingfele 

5. april vart «I lydarlæte» lansert, no fredag 14. juni, kjem del to av Sivert Holmen sitt soloprosjekt for hardingfele ut under tittelen «Stillheitas diskotek». Stillheitas diskotek er eit musikalsk rom kor det stillfarne lydarlæte blir brote opp i spraglete mønster, spegla i ljos, utforska og strekt. Korleis ser ein lydarlått ut på innsida? Materialet er Holmens eigne tolkingar og rekomposisjonar av lydarlæte.  

Tradisjonen med lydarlæte er ein distinkt lyttesituasjon frå før ein starta medkonsertar på hardingfele– inspirert av det detaljrike, melismatiske lydarlæte har Holmen forsøkt å hente fram avskuggingar i tonalitet, ornament, klangfargen i akkurat det dobbeltgrepet – og gje låttane meir tid til å utfalde seg – la låttane trakke opp nye far, og gjennom dette kaste eit anna ljos over seg sjølv. 

Tittelen på plata, Stillheitas diskotek, hentar inspirasjon frå diktsamlinga Søppelsolen av Tor Ulven. - Ulven sitt glassklare språk er i seg sjølv ein inspirasjon, men inspirasjonen handler også om måten Ulven blandar industri og «harde» element med natur og mjuke ting. 

Sivert fortel at musikken har vorte gradvis til gjennom dei to åra frå 2022 til 2023. 

- Det har vore ein nitidig, møysomeleg prosess kor eg har forsøkt å opne opp ei lytteverd med utspring i både det konkrete, låttane, men og det meir abstrakte som tidskjensle og lyttesituasjonar. Eg er også ganske visuell i tankesettet og bileta av korleis låttane ser ut på innsida har vore med i prosessen med å falde dei ut musikalsk i tid og rom, seier Sivert. 

Dei to digitale utgjevingane «I lydarlæte» og «Stillheitas diskotek» blir også gjeve ut samla på ein dobbel LP fredag 14. juni under tittelen Stillheitas diskotek. 

Sjølv om dette er eit soloprosjekt har eg vore heldig å få ha med Ingfrid Breie Nyhus som produsent. Ho har vore sterkt involvert i den kunstnarlege prosessen, og eg er særs takksam for å ha fått låne litt av tida til eit så dedikert musikkmenneske.  

Albumet vart spelt inn i desember 2023 hjå Tor Magne Hallibakken og er ein vidareutvikling av masterprosjektet til Holmen som han leverte ved Norges musikkhøgskole våren 2023.  

Sivert tek med lyttarane på ei reise gjennom subtil virtuositet, overskot og lydarlæte, i ei klang- og lytteverd for solo hardingfele. 

Vil du oppleve Holmens lytteverd «live» vil vi anbefale å ta turen på «Grålysing i Kvam» 14. juni i Vang i Valdres.  

Foto: Anne Marte Før.

See this product in the original post

Metadata

Artist: Sivert Holmen
Albumtittel: Stillheitas diskotek
Label: Melovitten
Type: Album, dobbel vinyl
Katalognr.: MV619
Produsent: Ingfrid Breie Nyhus
Innspeling, miksing og mastering: Tor Magne Hallibakken
Innspelt: Hallingdal, desember 2023
Foto: Anne Marte Før
​Grafisk formgjeving vinyl og digitalcover: Eva Karlsson
Grafisk oppsett digital booklet: Melovitten
Medverkande: Sivert Holmen (hardingfele, hardanger d’amore)
Lansering: 14. juni 2024

Foto: Anne Marte Før

See this content in the original post