Sandum/Tallroth

Øyvind Sandum frå Lalm i Vågå brukte tida godt under pandemien og laga ny musikk til eit heilt album. Fredag 20. januar blir resultatet lansert! 

Sandum er ein kjent og merittert musikar på trekkspel og durspel. Han er mellom anna tidenes mestvinnande utøvar på Landsfestivalen i gammaldansmusikk og har både Folkelarmpris og Spellemann-nominasjonar i sekken. Sjølv om musikken på det nye albumet er sterkt prega av norsk og nordisk folkemusikk, meiner Sandum sjølv at dette er musikk som kanskje er litt utanfor mykje av det folk er vant til å høyre frå han. 

- Ein kan seie at dette er musikk som skildrar meg i den fasen eg no er i mitt musikalske liv. Eg har lenge tenkt på å lage ei plate med eigen musikk, og det er sjølvsagt litt skummelt. Men mest av alt er det veldig stas, og eg er stolt av resultatet, seier Øyvind. 

På plata har han fått med seg den svenske gitaristen Roger Tallroth, eit ikkje ukjent namn for folk som er interessert i folkemusikk og verdsmusikk. Han har mellom anna turnert verda rundt med den kjente gruppa Väsen. Samarbeidet har resultert i duoen Sandum/Tallroth, som også er tittelen på albumet. 


​​Artist: Øyvind Sandum og Roger Tallroth
Albumtittel: Sandum/Tallroth
Label
: Melovitten
Type
: Album, CD
Katalognummer: MV5
Produsent: Pål Bratås
Innspeling og miksing: Vegard Moshagen
Innspelt: Vinstra, mars 2022
Mastering: Tor Magne Hallibakken
Foto: FoTobben v/ Anne Marit Steine
​​Grafisk formgjeving: Kultivator AS v/ Mette Vårdal
Lansering
: 20. januar 2023
Medverkande
: Øyvind Sandum (trekkspill), Roger Tallroth (gitar)

Øyvind Sandum & Roger Tallroth: Sandum/Tallroth
200,00 kr
Antall:
Legg til i handlevogn
Forrige
Forrige

Storebror

Neste
Neste

Draumkvedet