Dei har spelt saman sidan dei var små. No lanserar dei unge sogningane debutalbumet «Jostedal» med gammaldansmusikk frå ... ja, Jostedalen.

Gruppa Ein haile halve maone lanserer albumet på Landsfestivalen i gammaldansmusikk, som i år finn stad i Vestnes fyrste helga i august. Og det var nettopp på Landsfestivalen det heile starta for dei fem unge musikarane då dei stilte i klassa for gruppespel i 2016, som den gongen vart arrangert på heimebane i Gaupne.

- Målet vårt, da som nå, var å vise fram tradisjonsmusikk frå Luster. Me har på mange vis funne identiteten vår i denne musikken – han har ein heilt eigen energi som gir oss mykje glede, og me håpar publikum opplever det same.

Det seier jostedølen Mathilde Skjæret, som spelar hardingfele i gruppa. Dei andre medlemmane er Norill Terese Norheim på toradar, Emil Horstad på trekkspel, Henning Lad på gitar og Anders Vassli Brekke på kontrabass, alle i 20-åra. Saman har dei dykka ned i arkivopptak og tatt opp att slåttar dei har lært i barndomen. Dei har mellom anna utforska musikken som særleg Sjur Hesjevoll og Olaf Sperle formidla i si tid.

- Me har prøvd å behalde så mykje som mogleg av slåttane sin originalitet, men me har også laga litt eigne vriar på stoffet. På den måten set vi vårt preg på tradisjonen som forhåpentleg vis mange kan ha glede av i framtida, seier Norill Terese Norheim.

Namnet på plata, «Jostedal», var eit naturleg val for gruppa. Men gruppenamnet, «Ein haile halve maone», seier seg kanskje ikkje heilt sjølv.

- Under ei idémyldring såg me ein plakat til filmen «Et helt halvt år», og me tenkte det var kult å gjere ein sognavri på det. Då fann me på namnet «Ein haile halve maone». Me tenkte vel eigentleg ikkje at namnet skulle bli hengande ved oss, men slik vart det, fortel bassisten i gruppa Anders Vassli Brekke.

Albumet blir lansert både digitalt og på fysisk CD fredag 2. august, og det skal markerast med ein konsert på Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Vestnes.


Foto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes


Albumtittel: Jostedal
Artist: Ein haile halve maone
Medverkande musikarar: Mathilde Skjæret (hardingfele), Norill Terese Norheim (toradar), Emil Horstad (trekkspel), Henning Lad (gitar) og Anders Vassli Brekke (kontrabass).
Innspelt: 19. - 21. april 2024, Nesbyen i Hallingdal.
Produsent: Bjørn Kåre Odde.
Musikalsk rådgjevar: Synnøve Bjørset.
Innspeling, miksing, mastering: Tor Magne Hallibakken.
Plateselskap: Melovitten AS
Katalognummer: MV620
Foto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes.
Grafisk utforming: Solveig Brekke Hauknes/Melovitten AS.
Lanseringsdato album: 2. august 2024.
Lanseringskonsert: 2. august 2024 i Vestnes.



Ein haile halve maone: Jostedal
200,00 kr
Antall:
Legg til i handlevogn
Forrige
Forrige

Trø, Ingeborg, trø!

Neste
Neste

Stillheitas diskotek