Folk Chamber II

Foto: Kulturfotografen AS
Grafisk: Melovitten

For tre år sidan lanserte felespelar og komponist Bjørn Kåre Odde det kritikarroste albumet “Folk Chamber”. No kjem oppfylgjaren “Folk Chamber II”.

Med namnet vidareført, er óg konseptet det same: Folkemusikk i kammermusikalsk drakt, eller kammerfolkemusikk om du vi.

På det første albumet arrangerte Bjørn Kåre eit utval av sine eigne komposisjonar for stryketrio, -kvartett og -kvintett. Denne gongen har han skrive ny musikk for strykesekstett, med nokre få unntak. Han meiner sjølv at dette er eit meir raffinert og heilskapleg album der komposisjonane i større grad høyrer saman og kontrasterar kvarandre.

- Og så har jo alle låtane tydelege element av folkemusikk - enten det er hallingtakt eller melodiske motiv som hintar til tradisjonelt stoff. Det er morosamt å finne ut korleis eg kan lage ein hallingmelodi med eit akkompagnement som er inspirert av musikken til filmserien “Pirates of the Caribbean”. Slik vart låta “Halling i Karibia” til, seier Bjørn Kåre.

Bjørn Kåre har handplukka musikarar og tilpassa arrangementa deretter. Dei fem andre musikarane i dette ensemblet har bakgrunn frå både folkemusikk, klassisk, jazz og populærmusikk, noko som tydeleg kjem fram i arrangementa og måten dei blir utøvd på.

- Eg har alltid hatt stor interesse av samarbeid på tvers av sjangrar, spesielt folkemusikk og klassisk. Det interessante oppstår når musikarane er likeverdige og ein ikkje treng å tenkje på at det skal låte som det eine eller det andre. Samklangen mellom felespel og klassisk stryk blendar då veldig godt, meiner Bjørn Kåre.

Plata “Folk Chamber II” kjem ut på digitale straumetenester 18. oktober 2024. Den fysiske CDen er allereie tilgjengeleg i Melovitten sin nettbutikk.



Metadata

Artist: Bjørn Kåre Odde (f. 1990)
Albumtittel: Folk Chamber II
Label: Melovitten
Type: Album, CD
Katalognummer: MV622
Produsent: Bjørn Kåre Odde
Innspeling, miksing og mastering: Tor Magne Hallibakken
Innspelt: Hallingdal, april 2024
Foto: Kulturfotografen AS v/ Thor Hauknes
Grafisk formgjeving: Melovitten
Lansering album: 18. oktober 2024
Singlar: 6. september “Halling i Karibia”, 20. september “Springdans frå Hedmarken”, 4. oktober “Steinrovals” og 11. oktober “Gjensyn”
Medverkande: Bjørn Kåre Odde (1. fele), Vegar Vårdal (2. fele), Marius Westling (fele og bratsj), Elin Marie Christensen (bratsj), Carmen Bóveda (cello) og Jo Fougner Skaansar (kontrabass)
Gjesteartist “Introduksjon II” og “Gjensyn”: Vemund Olav Aukrust (piano)

 
Bjørn Kåre Odde: Folk Chamber II
200,00 kr
Antall:
Legg til i handlevogn

Singlar frå Folk Chamber II


Forrige
Forrige

I stugun

Neste
Neste

Trø, Ingeborg, trø!