Draumkvedet
Draumkvedet er ei av Noregs mest kjende mellomalderballadar, og vert på denne produksjonen framført av Malin Alander (song), og Ole Nilssen (trekkspel). I Draumkvedet får vi høyre om Olav Åsteson som fell i djup søvn julaftan, og vaknar trettande dag jul. I draumane sine har han gått gjennom himmel og helvete, sett synder og nød og fått den siste domen. Malin og Ole presenterer det tradisjonsrike visjonsdiktet, med fokus på tid, kontrastar og klangbehandling i eit intenst samspel. Draumkvedet har i deira form rom for både improvisasjonar og slåttespel, som byggjer opp under, og følger opplevingane til Olav Åsteson. Dei formidlar likevel visjonsdiktet med dei tradisjonelle melodiane i fokus. Deira form er henta frå versjonane til Molkte Moe, Hulda Garborg og Maren Ramskeid.
Produsent Berit Opheim skriv:
Vinteren 2022 høyrde eg Malin Alander og Ole Nilssen framføra Draumkvedet i Granvin kyrkje. Det gjorde eit sterkt inntrykk på meg. Deira formidling og intensitet heldt meg fast og både rørte og utfordra meg. Dei tok den musikalske og tekstlege arven frå Draumkvedet inn i si musikalske verd, malte nye bilete for meg og var både uredde og skjøre i denne skildringa.
Eg er svært glad og takksam for innspelingsdagane i Ullensvang kyrkje i oktober 2022, og for at deira tolking av kvedet no kan nå mange.
Artist: Malin Alander og Ole Nilssen
Albumtittel: Draumkvedet
Label: Melovitten
Type: Album, CD
Katalognummer: MV4
Produsent: Berit Opheim
Innspeling, miksing og mastering: Tor Magne Hallibakken
Innspelt: Ullensvang kyrkje, oktober 2022
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Grafisk formgjeving: Eva Karlsson
Lansering: 6. januar 2023
Medverkande: Malin Alander (vokal), Ole Nilssen (trekkspel)