Bjøynn og bjøynnongein
Fredag 24. mai 2024 vert albumet “Bjøynn og bjøynnongein” med familien Odde relansert og tilgjengeleggjort på alle strøymetenester og digitale plattformer.
Albumet vart fyrst gjeve ut i fysisk format i 1999 via Marcello Media AS. Plata innheld 30 spor med springleikar, hallingar, lydarlæte og gamaldans, spelt av familieorkesteret i ulike konstellasjonar.
Dagen etter lanseringa, 25. mai, ville Bjørn Odde fylt 85 år. Dette markerast også med ein minnekonsert i Garmo bygdahus same kveld. Ei fin anledning å relansere denne produksjonen og heidre storspelmannen Bjørn Odde (1939-2020) på.
Ola Grøsland skriv følgande om produksjonen i 1999
«Bjøynn og bjøynnongein» er ein sentral og kjent familie innan folkemusikk og gammaldans, aktive både i ymse tevlingar og som dansespelmenn. For å nemne litt av merittlista: Landskappleiken, fele klasse A, har Bjørn vunne fem gonger og Kristen ein, og to spelmannsprisar har familiemedlemmene del i: Bjørn for solospel og Bjarne i folkemusikkgruppa «Nye Ringnesin». Dei er ikkje berre gode spelmenn, men òg gode dansarar, noko som ligg i slekta. Foreldra til Bjørn, Borghild og Rasmus, var framifrå dansarar, og Bjørn og kona Jarnfrid har lært opp sønene. Den eggjande og spenstige rytmen, som er eit kjennemerke på Odde-spelmennene, har dei utan tvil i kroppen.
Metadata
Albumtittel: Bjøynn og bjøynnongein (Familien Odde)
Artist: Bjøynn og bjøynnongein
Medverkande: Bjørn Odde på fele (1939-2020), Bjarne Odde på kontrabass, eitt- og torader, Rasmus Odde på kontrabass, Kristen Odde på fele, Johannes Odde på fele og femrader.
Utgjeving og marknadsføring: Marcello Media AS, 1999
Digital opplasting: Melovitten, 24. mai 2024
Katalognummer: BB1999
Innspelt: NRK, Lillehammer, november 1998, januar og mars 1999
Produsent: Bjøynn og bjøynnongein
Teknikar og medprodusent: Terje Hong
Musikalsk rådgjevar: Knut Kjøk
Arrangement: Magne Bø, Knut Kjøk, Reidar Svare og Magne Grindstuen
Omslag: Teikning av Ola Klåpbakken
Foto: Asbjørn Myrhaug