10 Springleikar från Lom
«10 Springleikar frå Lom». Albumtittelen er kanskje sjølvforklarande. Men artisten og instrumentet er noko heilt anna enn du kanskje trur. Albin Myrin (1999) frå Karlstad i Sverige spelar klarinett, og han har nemleg spesialisert seg på tradisjonsmusikk frå Lom. No er han ute med eit soloalbum som utelukkande består av springleikar, og tittelen er rett og slett «10 Springleikar från Lom».
- Fyrste gong eg kom i kontakt med musikk frå Lom var då eg som tenåring høyrde folkemusikkgruppene «Bäsk» og «Den Fule». Då eg fekk greie på at mine favorittlåtar med begge gruppene var frå Lom, vart eg med ein gong nysgjerrig, fortel Albin.
Spelmannslaget «Lom Södra»
Etter å ha fått opp auga for slåttespel frå Lom starta den unge klarinettisten i eit spelmannslag i Gøteborg som heiter «Lom Södra». Leiaren i laget, Peder Källman, har hytte i Garmo og er godt kjent med spelmannsmiljøet i Lom. Han har fått repertoar av blant andre Rolv Brimi og tatt det med seg til heimbyen i Sverige. Her fekk Albin bryne seg på springleikspel.
- Eg fekk veldig mykje repertoar i «Lom Södra», og eg lytta også mykje til ulike utgjevingar med lomsmusikk. Under studiet på Kungliga Musikhögskolan i Stockholm var eg ei periode på utveksling til Norges Musikkhøgskule i Oslo der eg heldt fram med å fordjupe meg i temaet.
Lokalt plateselskap
Albumet blir gjeve ut på Melovitten AS, eit produksjonsselskap med spelmannen og lomværen Bjørn Kåre Odde ved roret. Han fortel at han heilt tilfeldig fekk høyre lyttemiksane frå den komande plata til Albin, og at han dermed føreslo å hjelpe til med utgjevinga.
- Eg høyrde med ein gong at dette var godt tradisjonsspel. Albin har verkeleg jobba godt med stilen, og eg er utruleg imponert over korleis han har adaptert felemusikken til sitt instrument, C-klarinett. Likevel har han også satt eit personleg preg på springleikane, noko som gjer albumet ekstra interessant å høyre på, fortel Bjørn Kåre Odde som er dagleg leiar i Melovitten AS i Vågå.
Albumet inneheld mest solospel på klarinett, men det er også innslag av duettar. Albin har fått med seg to gjestemusikarar: Tommy Lundgren på fele og Daniela Söderlund på tverrfløyte. Eit stort mål for Albin er å kome til Lom og spele konsert med musikk derifrå.
- Det er så fantastisk mykje fin musikk frå Lom. Slåttane har ei heilt spesiell åre i seg, både melodisk og rytmisk. Og sjølv om musikken stort sett har vore spelt på fele, så passar dei overraskande bra på klarinett, seier Albin.
Metadata
Artist: Albin Myrin
Albumtittel: 10 Springleikar från Lom
Label: Melovitten
Type: Album, CD
Katalognummer: MV3
Produsent: Mikael Marin
Innspeling og miksing: Magnus Lindström Kolterud
Mastering: Fredy Samuel Lundh
Artwork: Kenneth Lien
Grafisk formgjeving: Annie Engvall
Lansering: 25. november 2022
Medverkande: Albin Myrin (klarinett), Tommy Lundgren (fele), Daniela Söderlund (tverrfløyte).
Støtte: Utgjevinga er delfinansiert av Kulturrådet i Sverige.