Ronny Kjøsen
Ronny Kjøsen (f. 1975) er musikar, komponist og arrangør busett på Rindalsskogen i Rindal kommune. Han er ein ettertrakta folkemusikar som mellom anna er kjent frå gruppene Over stok og steen, Hollos Efterfølgere, Alfs og Bjørnblakken. Hovedinstrumentet er trekkspel, men han spelar også piano, trøorgel, kirkeorgel og andre tangentinstrument og gitar. Kjøsen jobbar som freelance musikar, i tillegg driv han sitt eige firma Kultursmia.
Foto: Thomas Westling/FolkOrg